Debatt Litteraturhuset 22.03 kl 19:00

1 time fysisk aktivitet i skulen kvar dag - er det gjennomførbart?

Alle er einige om at norske elevar skal bevege seg meir i løpet av skuledagen, men er dette den rette løysinga?

7. desember gjorde Stortinget eit historisk vedtak om at det innførast ei ordning som sikrar elevar på 1.-10. trinn minst ein time fysisk aktivitet i skulen kvar dag innanfor dagens rammetimetal. Det er eit omstridt forslag som vart vedteke. Til tross for at dei fleste er einige om at meir aktivitet er positivt for elevane, er dei kritiske røystene redd for at dette grip direkte inn i lærarane sin metodefridom, og med dette detaljstyrer kva som skjer i skulen.

I panelet møter du:

Kjersti Toppe: Stortingsrepresentant, nestleiar i Helse- og omsorgskomitéen, tidlegare kommunelege og langvarig forkjempar for dette vedtaket.

Geir Kåre Resaland: Førsteamanuensis på Høgskulen på Vestlandet, doktorgrad på fysisk aktivitet i skulen. Forskingskoordinator ved Helse Førde og tidlegare prosjektkoordinator for fysisk aktivitet i skulen forskingsprosjektet «Active Smarter Kids».

Kine Madtzog: Fylkesleiar Norsk Lektorlag Hordaland, cand. philol i amerikansk litteratur. 15 års undervisningserfaring frå vidaregåande skule, underviser no på Åsane vidaregåande skule.

Mildrid Kronborg Økland: Nestleiar Utdanningsforbundet Hordaland, utdanna lektor med undervisningserfaring frå ungdomsskule og vidaregåande skule.

Geir Bangstad: Idrettspedagog, gründer og basketballtrenar med bachelor i pedagogikk, underviser på Olsvikåsen vidaregåande skule. Utdanna diplomtrenar, basketballtrenar på internasjonalt nivå og initiativtakar til kompetansebyggingsprosjektet «Easybasket for alle».

Debattleiar: Torunn Aarøy

Gjennom ein serie av debattar på Litteraturhuset ynskjer Idrettscampus Bergen å løfte viktige tema, og få i gang gode diskusjonar som kan engasjere og inspirere.

Billettar får du kjøpt via Litteraturhuset sine sider: Trykk her. 60/40,– (stud.)