Sjå debatten: 1 time fysisk aktivitet i skulen kvar dag

Den 22. mars arrangerte Idrettscampus Bergen debatt kring det historiske vedtaket om 1 time fysisk aktivitet i skulen kvar dag.

Om du ikkje var blant publikum, fortvil ikkje. Debatten kan du sjå ved å trykke her.

I panelet møter du følgande:

Kjersti Toppe: Stortingsrepresentant, nestleiar i Helse- og omsorgskomitéen, tidlegare kommunelege og langvarig forkjempar for dette vedtaket.

Geir Kåre Resaland: Førsteamanuensis på Høgskulen på Vestlandet, doktorgrad på fysisk aktivitet i skulen. Forskingskoordinator ved Helse Førde og tidlegare prosjektkoordinator for fysisk aktivitet i skulen forskingsprosjektet «Active Smarter Kids».

Kine Madtzog: Fylkesleiar Norsk Lektorlag Hordaland, cand. philol i amerikansk litteratur. 15 års undervisningserfaring frå vidaregåande skule, underviser no på Åsane vidaregåande skule.

Mildrid Kronborg Økland: Nestleiar Utdanningsforbundet Hordaland, utdanna lektor med undervisningserfaring frå ungdomsskule og vidaregåande skule.

Geir Bangstad: Idrettspedagog, gründer og basketballtrenar med bachelor i pedagogikk, underviser på Olsvikåsen vidaregåande skule. Utdanna diplomtrenar, basketballtrenar på internasjonalt nivå og initiativtakar til kompetansebyggingsprosjektet «Easybasket for alle».

Debattleiar: Torunn Aarøy