10 000 treningstimar for å bli best, men kva med alt det andre?

Torstein Andersen Aase, Jonas Grønner, Vilde Bøe Risa, Per Sjøberg og Michael Jørgensen om livet som toppidrettsutøvar.

Frå utsida kan livet som toppidrettsutøvar sjå både lett og glamorøst ut. Ein får både merksemd og heltestatus ved å halde på med det ein likar aller best. Men dei som har vore på innsida veit at toppidrett er beinhardt arbeid, ikkje berre fysisk men også psykisk. Denne kvelden ynskjer vi å sette fokus på det som gjerne ikkje kjem fram i media – dei tøffe tidene då motbakkane verkar uendeleg lange.

Ein undersøkelse gjort av den internasjonale spelerforeninga FIFPro viser at ein stor andel av aktive fotballspelarar kjenner på angst og depresjon. 35 prosent av 607 spurte fotballspelarar i Noreg og andre land i verda svarer ja på at dei har kjent følelsen av angst og/eller depresjon dei siste fire vekene. NRK-suksessen Heimebane presenterar eit tydeleg bilete på at toppidretten også har sine skyggesider. Kvifor er det slik? Og kva gjer toppidrettsutøvarane for å takle det enorme presset som følger med det å skulle vere aller best? Kvifor vel dei dette livet? Og kva gjer til at dei lykkast?

Denne kvelden har vi invitert Torstein Andersen Aase til å fortelle sin historie om korleis det var å bli kåra til Noregs største fotballtalent, debutere i eliteserien som 16-åring og korleis det enorme presset fekk han til å legge opp som 20-åring. Etterpå legg vi opp til ein uformell sofaprat der Torstein får selskap av våre lokale heltar Jonas Grønner (SK Brann) og Vilde Bøe Risa (Arna Bjørnar), saman med idrettspsykolog i Olympiatoppen Vest Norge Per Sjøberg. Seansen vil bli leia av Michael Jørgensen (coach i Olympiatoppen).

Velkommen til ein spennande kveld på Litteraturhuset.

For billettar trykk her