Generasjon utdatert?

Korleis er det eigentleg å vekse opp i ei digital verd, kor prestasjonskrava er høgare enn dei 7 fjell til saman. Mistar vi kontakten med våre barn om vi ikkje er på Snapchat? Eller kan det vere positivt å vere litt «utdatert»?

Dette og meir lar vi ungdommen sjølv svare på, i dialog med helsesøster Anne Marie Ulvolden og forfattar og anticoach Andreas Gravdal. I samband med den nasjonale folkehelsekonferansen som går av stabelen i Bergen 16.–17, oktober inviterer Idrettscampus Bergen til ein kveld med fokus på psykisk helse sett frå ungdommane sin ståstad. Korleis er det å vere ungdom i dagens samfunn? Korleis opplevast det å vere «på» 24/7 gjennom sosiale media? Kvar kjem prestasjonspresset frå? Kvifor rapporterast det om fleire psykiske helseplager blant ungdom? Korleis ynskjer dei å bli møtt? Kva kan vi gjere som foreldre, lærarar, helsepersonell og trenarar for å auke sjansen for at ungdom utviklar seg i ein positiv retning og har det bra? Vi lar ungdommen fortelje og svare denne kvelden, i dialog med trygge vaksenpersonar med genuin interesse for kva ungdommen sjølv meiner.

Om arrangør: Idrettscampus Bergen er eit nyetablert samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Olympiatoppen Vest, Hordaland idrettskrets, SK Brann, Universitet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Helse Bergen. Vårt mål er å styrke arbeidet med idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Hordaland gjennom å etablere møteplassar for kompetanseutvikling og kompetanseformidling. Gjennom ein serie av arrangement på Litteraturhuset ynskjer vi å løfte viktige tema, og få i gang gode diskusjonar som kan engasjere og inspirere.

80/40,– (stud.)

Billettar finn du her