Gjennombrot i kroppsøvingsprosjektet

Takka vere samhandling gjennom Idrettscampus Bergen kan no elevar som av ulike årsaker ikkje kan følgje normal undervisning i kroppsøving, med eit skjema frå legen få tilrettelagt undervisning i staden for fritak. Slik unngår eleven å miste karaktergrunnlaget i kroppsøvingsfaget.

– Fleire elevar i vidaregåande skole kontaktar legen, oftast fastlegen, for å få legeerklæring om fritak frå kroppsøving. Eit fritak kan øydelegge for elevane. Dei kan risikere å stå utan karakter i faget og dermed utan vitnemål for fullført vidaregåande skole, seier kommuneoverlege Harald Hauge.

Den nye legeerklæringa «Anbefaling om tilrettelegging i kroppsøving» er utvikla av Kroppsøvingsgruppa til Idrettscampus Bergen der Hauge har vore medisinsk rådgjevar, saman med fastlegar, kroppsøvingslærarar, fysioterapeutar og representantar frå Energisenteret for barn og unge.

Skjemaet skal gjere det lettare for legen å beskrive eleven sitt funksjonsnivå, og lettare for kroppsøvingslæraren å legge til rette for eleven. Vestland fylkeskommune har som mål at fleire elevar i vidaregåande skule skal få tilrettelagt kroppsøving i staden for fritak. Skjemaet skal nyttast når elevar har ein medisinsk tilstand som gjer at dei ikkje kan ta delta i kroppsøving på lik linje med andre. Både fysiske og psykiske utfordringar kan vere årsak til at kroppsøving blir vanskeleg i ein kortare eller lengre periode.

– Legeerklærings-skjemaet er meint som informasjon frå legen til kroppsøvingslæraren med beskrivelse av helsemessige utfordringar eleven har. Alle nyutdanna kroppsøvinglærarar på vidaregående skule har mastergrad innan faget. Det er opp til dei å legge til rette undervisninga slik at eleven kan delta. Skjemaet vil bli eit viktig verktøy for kroppsøvingslæraren, og i løpet av hausten blir det evaluert av både lærarar og legar, seier Hauge.

«Anbefaling om tilrettelegging i kroppsøving» er elektronisk tilgjengeleg i journalsystemet Infodoc. Fylkeskommunen har lagt legeerklæringa tilgjengeleg på alle vidaregåande skuler sine nettsider. Slik kan også elevar ta det med når dei skal til legen.

Mykje av grunnlaget for det nye tiltaket vart lagt i 2018 då Os vidaregåande skule gjennomførte eit prosjekt saman med Hordaland fylkeskommune og Energisenteret for barn og unge ved Haukeland universitetssjukehus, gjennom Idrettscampus Bergen sitt prosjekt «Knutepunktet». Målet med prosjektet var å kunne tilby elevene ei godt nok tilrettelagt opplæring i kroppsøvingsfaget og sikre elevane vurdering. Os-modellen reduserte talet på elevar som søkte gymfritak frå 20 elevar skoleåret 2013/14 til 5 elevar skoleåret 2018/19 (sjå NRK januar 2019). Skulen snudde trenden ved å ta i bruk fleire ulike tiltak og deira erfaringar har kome til nytte i utviklinga av den nye legeerklæringa.