Webinar-rekke kroppsøvingsfaget

Image

Våren 2021 vil Idrettsklynge Vest saman med Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet arrangere ei webinarrekke om aktuelle problemstillingar innanfor kroppsøvingsfaget.
Webinarrekka er for deg som er kroppsøvingslærar i grunnskule eller vidaregåande skule, som er skuleleiar, som er lærarstudent eller som bare er nysgjerrig på kroppsøving og fysisk aktivitet i skulen.

Det første webinaret i rekka gjekk av stabelen  29.januar og hadde temaet "Fagfornyinga".
Program:
• Korleis har fagfornyinga endra kroppsøvingsfaget?
Foredrag med Petter Erik Leirhaug, førsteamanuensis ved Norges Idrettshøgskole.
• Diskusjon i digitale grupperom:
Dine tankar om og erfaringar med fagfornyinga.
• Inspirasjon til kroppsøvingstimen
Tips og idear med kroppsøvingslærer Jakob Gyring.
• Fagfornyinga: Kva, kven og korleis?
Ein sofaprat mellom stipendiat Ann Kristin Nilsen, kroppsøvingslærer ved Rådalslien skole Jakob Gyring, kroppsøvingslærer ved Bergen Katerdralskole Henrik Hysing-Dahl og rektor Harald Borge ved Christi Krybbe skole. Praten er leia av Martin Kvalø, kroppsøvingslærar ved Amalie Skram Videregående skole.
• Spør eksperten!
Førsteamanuensis Petter Erik Leirhaug gjev deg svar på dine spørsmål og undringar rundt fagfornyinga.
Om du ikkje fekk med deg webinaret, kan du sjå opptak av det her: Fagfornyinga i kroppsøving
Neste webinar går av stabelen 9. mars og vil ha tema kroppsøving under og etter covid 19 pandemien.