Image

Foto: Eivind Senneset

Kort skildring

Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har ambisjonar om å vidareutvikle Bergen, Bergensregionen og Voss som område for større regionale, nasjonale og internasjonale idretts- og friluftsarrangement. Dette krev anlegg og natur av høg kvalitet og arrangørar med kompetanse innan idrett og friluftsliv, språk, forhandlingar, media, strategisk og operativ planlegging og høg gjennomføringsevne. I tillegg vil evalueringsarbeid og ringverknadsanalysar bli utvikla og gjennomført som ein del av Idrettscampus Bergen.

Målsettingar

  • Vidareutvikle Bergen og Hordaland som arrangementsvertskap med vekt på internasjonale, nasjonale og lokale store idretts- og friluftsarrangement gjennom strategi- og påverknadsarbeid, kompetanseoverføring, utviklingsarbeid, lokal, regional og nasjonal forankring og anleggsutvikling.
  • Kompetanseutvikling gjennom å dele erfaringar frå større regionale, nasjonale og internasjonale idretts- og friluftsarrangement.
  • Strategiutvikling i høve til å få tildelt aktuelle arrangement og å skape nye arrangement.
  • Påverke nasjonalt utviklingsarbeid innan fagfeltet.
  • Evalueringsarbeid og ringverknadsanalysar.
  • Identifisere og ta i bruk verktøy.
  • Anleggsutvikling

Vil du vite meir om prosjektet:
Ta kontakt med Kjersti Halvorsen