
Kort skildring
Olympiatoppen Vest si primære oppgåve er å følge opp unge utøvarar, såkalla morgondagens topputøvarar som satsar på å bli aller best i sin idrett. Her i Vest spirar og gror det av store talent, men når desse når eit visst nivå, må mange reise til Oslo for å få enda tettare oppfølging. Gjennom Idrettscampus Bergen ynskjer vi no å kunne auke og spisse oppfølginga av morgondagens og dagens toppidrettsutøvarar busett i vest for å gjere de beste fleire og betre. Gjennom Idrettscampus Bergen kan vi saman legge til rette for at vi får fleire vestlendingar til OL/VM/EM gjennom god oppfølging lokalt.
Målsettingar
- Fleire utøvarar frå Vest som representerer Norge i framtidige OL/VM/EM.
- Utvikle ein pilotmodell for korleis ein best mogleg kan leggje til rette for utøvarar som ynskjer å bu på Vestlandet samtidig som dei satsar på sin idrett.
- Formidle og dele kunnskap og funn frå denne piloten med toppidrettsmiljø og andre interesserte i regionen.
Involverte i prosjektgruppen
Morten Ivarsen (Olympiatoppen Vest)
Morten Kristofersen (HVL)
Frode Karlsen (Bergen kommune)
Vil du vite meir om prosjektet: Ta kontakt med Pia Mørk Andreassen