Image

Kort skildring

Prosjektet har brukaren og deira familie/ venner i sentrum. Helsetenesteutvikling og koordinering av tenester rundt brukaren sine behov, vektleggast.  Tverrfagleg arbeid, kvalitet, større fokus, bygge ned barrierar og kompetanseoverføring er suksessfaktorar.

Møteplassen Energisenteret, skal bidra til å opparbeide ny kunnskap om effekt av trening og fysisk aktivitet, og vil bruke areala for diagnostikk, behandling, rehabilitering, habilitering og undervisning/forsking. Vi skal bidra til å utdanne trenarar, lærarar, fysioterapeutar, helsesjukepleiarar og andre som har nytte av å lære meir om fysisk aktivitet for barn og unge med særskilde behov og gjere dei i stand til å bruke kunnskapen i nærmiljøet.

Målsettingar

Målet er at barn og unge skal få lyst til å vere fysisk aktive, trivast på trening og oppleve fellesskap med kvarandre. Alle som har relasjonar til eller oppgåver knytt til primærbrukarane skal også vere ein del av knutepunktet. Det kan vere familie, venner, helsepersonell, brukargrupper, idrettslag, lærarar, trenarar, forskarar og studentar.

Målet er å få meir kunnskap om korleis ein kan lykkast med å integrere barn og unge med kroniske sjukdommar og ekstraordinære behov og dele denne kunnskapen med andre. Senteret vil invitere til samarbeid med kommunale etatar, idrettslag og pasientorganisasjonar. Det skal vere ein stad, eit knutepunkt, der den første kontakten blir oppretta, ein ser på kva som er mogleg å få til og det kan prøvast ut før ein held fram med aktiviteten i nærmiljøet.

Denne møteplassen vil lage gode modellar for samarbeidsformer der frivillige organisasjonar og primærhelsetenesta auka kompetansen og vidarefører tilbodet i lokalmiljøet til barnet/ ungdommen. Vi vil ha store synergieffektar og pilotere tilbodet under kontrollerte former, vurdere effekt av tiltak og korrigere, også hos den enkelte aktør som har et sjølvstendig ansvar for at prosjektet lev vidare etter prosjektperioden er sluttført.

Prosjektet har to hovudoppgåver:
  1. Formidling og deltaking
  2. Samordning og samhandling

Prosjektet har fire underliggande prosjekt med ulike mål knytt til kvar av prosjekta:

  1. Os vidaregåande skule – pilot på tilrettelegging og informasjonsflyt i kroppsøvingsfaget.
  2. Barne- og ungdomspsykiatri i Energisenteret (PBUEBU).
  3. Treningskontaktar/Energikonsulentar.
  4. Trygg overføring.

Vil du vite meir om prosjektet:
Kontakt Randi Marie Berntsen Farnes