Kroppsøving er ein arena for mestring, fellesskap, motorisk utvikling og kroppslig erfaring . Fysisk aktivitet er som kjent forbunde med ei rekke positive fordelar for den biopsykososiale helsa. Faget kan også vere med å danne grunnlaget for et fysisk og sosialt aktiv liv.
Kroppsøving kan med andre ord bidra til å fremje helse og forebygge uhelse.I ungdomsskule og vidaregåande skule kan manglande deltaking i kroppsøving (både gyldig og ugyldig fravær) føre til at eleven ikkje får karakter i faget.
Dette kan i neste omgang vanskeliggjere søknad til videregåande skule eller høgare utdanning og lærlingplass. Det viser seg også at ungdommar som droppar ut av videregåande skule, startar med å droppe ut av kroppsøvingstimane først. Vi veit at fråfall frå videregåande opplæring både gir individuelle og samfunnsøkonomiske uheldige konsekvensar.

For å forebygge fråfall frå kroppsøvingsundervisning vil det vere viktig at elevar får tilrettelagt undervisningsopplegget etter sine forutsetningar. På denne måten kan vi auke sjansen for at også desse elevane opplev mestring i og motivasjon til faget.
Dette er også i tråd med forskrift til Opplæringslova.

I Kroppsøvingsprosjektet har vi derfor jobba med å betre samhandling mellom helsetjeneste og skule i situasjonar kor ein elev har behov for tilrettelagt kroppsøvingsundervisning.

Resultatet er 2 ulike skjema for tilrettelegging som kan brukes av fastleger/elevar og fysioterapeutar.


    Det er viktig å merke seg at tiltaka beskrive i skjema frå fastlege, fysioterapeut og sjukehusskule er meint som anbefalingar;
    Tilretteleggingstiltak er til sjuande og sist skulen og den aktuelle lærar si avgjering ut i frå fagleg vurdering og ressursar tilgjengelig på skulen.

    Begge tiltaka vil bli evaluert gjennom en spørreundersøkelse senhøsten/våren 2020/2021.

    Ta kontakt med Malene Joensen i Helse Bergen for meir informasjon om prosjektet.