Videoar frå Litteraturhuset

Sommerkroppen 2019

Sofaprat med fokus på trening og kroppspress blant ungdom.

Helsedirektoratet anbefalar at voksne er aktive minst 150 minuttar kvar veke, medan barn og unge bør vere aktive minst 60 minutt kvar dag. Det er godt dokumentert at fysisk aktivitet fører til ein rekkje gode helsegevinstar. Men trenar alle med den hensikt om å oppnå desse helsegevinstane? Eller er det #SK2019 som er drivkrafta? Ungdata (2018) antyder meir kroppspress og kroppsmisnøye blant ungdom. Mange brukar trening som eit verktøy for å vere fornøgd med sin eigen kropp. Men kvar går skillelinja mellom eit sunt og eit usunt fokus på kropp og trening?
Kva tenker ungdommen sjølv om kroppsfokuset?
Kan kroppsfokuset gjer til at nokre tyr til snarvegar?

Og sist men ikkje minst, kva bør vi som foreldre, trenarar, leiarar og lærarar vere spesielt merksame på og kva kan vi gjere for å fremje gode, sunne treningsmiljø blant ungdom som ivaretar dei både fysisk, psykisk og sosialt

Korleis få fram talent og samtidig ivareta mennesket?

Kan det å fokusere meir på heile mennesket vere ein viktig suksessfaktor?

For å bli god i noko, må treningstimane leggast inn, men er det andre viktige faktorar som kan legge til rette for god talentutvikling, og som kan gjer at fleire held fram med idretten sin? Kva vil det sei å ha fokus på heile mennesket? Og korleis kan trenarar og foreldre i større grad ivareta dette?

Generasjon utdatert?

Korleis er det eigentleg å vekse opp i ei digital verd, kor prestasjonskrava er høgare enn dei 7 fjell til saman. Mistar vi kontakten med våre barn om vi ikkje er på Snapchat? Eller kan det vere positivt å vere litt «utdatert»? Dette og meir lar vi ungdommen sjølv svare på, i dialog med helsesøster Anne Marie Ulvolden og forfattar og anticoach Andreas Gravdal.

10 000 treningstimar for å bli best, men kva med alt det andre?

Torstein Andersen Aase, Jonas Grønner, Hilde Lerøy, Per Sjøberg og Michael Jørgensen om livet som toppidrettsutøvar.

Frå utsida kan livet som toppidrettsutøvar sjå både lett og glamorøst ut. Ein får både merksemd og heltestatus ved å halde på med det ein likar aller best. Men dei som har vore på innsida veit at toppidrett er beinhardt arbeid, ikkje berre fysisk men også psykisk.

1 time fysisk aktivitet i skulen kvar dag – er det gjennomførbart?

Alle er einige om at norske elevar skal bevege seg meir i løpet av skuledagen, men er dette den rette løysinga?

7. desember gjorde Stortinget eit historisk vedtak om at det innførast ei ordning som sikrar elevar på 1.-10. trinn minst ein time fysisk aktivitet i skulen kvar dag innanfor dagens rammetimetal. Det er eit omstridt forslag som vart vedteke. Til tross for at dei fleste er einige om at meir aktivitet er positivt for elevane, er dei kritiske røystene redd for at dette grip direkte inn i lærarane sin metodefridom, og med dette detaljstyrer kva som skjer i skulen.